Visjon 2020

Alle er fyrstehands kjelder til den tida vi lever i. Det har stor verdi, både for samtid og ettertid, å ta vare på og dele eit mangfald av folks minne, observasjonar, livserfaringar og refleksjonar. 

Munnleg historie har lenge vore eit lågt prioritert område i Noreg, både i forskings- og bevaringsinstitusjonar. For å styrke frivillig og profesjonell innsats, treng vi eit nasjonalt senter for innsamling, forsking og formidling av munnleg historie. Eit slikt senter vil styrke alle fagområde som omfattar munnlege og immaterielle kjelder, og bli ein spydspiss i utviklinga av etikk, metodikk, infrastruktur og formidlingsformer. Det vil frigjere store krefter gjennom å fremje samarbeid mellom forskarar, abm-institusjonar, frivillige organisasjonar og private aktørar.

Sommaren og hausten 2020 mobiliserer vi oppslutning om denne visjonen gjennom å samle underskrifter. I oktober inviterer vi til ei samling for å stifte ein organisasjon (stifting, selskap, foreining el.l.) og nemne opp eit styre som kan arbeide vidare for å verkeleggjere visjonen.


Her er nokre av funksjonane eit senter for munnleg historie vil fylle:

Innsamling: 
Eit senter for munnleg historie skal samle forteljingar om levde liv. Det skal og hjelpe andre i heile landet å samle, så som arkiv, bibliotek og musé, frivillige organisasjonar, privatpersonar, forskarar og studentar.  

Kriseberedskap: 
Initiativet kjem midt under en pandemi som vil bli ein milepåle i historia. Det tydeleggjer behovet for beredskap. Senter for munnleg historie skal førebu frivillige og profesjonelle ressursar, etikk, metodikk og infrastruktur som kan aktiverast på kort varsel, slik at kjeldemateriale kan bli samla frå fyrste dag når kriser utviklar seg. 

Dokumentasjon av daglegliv: 
Heldigvis består livet av anna enn kriser. Men dagleglivet blir ofte gløymt og tatt for gitt. Forteljingar om det kvardagslege livet er forteljingar om det flyktige, som forsvinn om ingen tek vare på det. Eit senter for munnleg historie vil ha ei nøkkelrolle i arbeidet med å ta vare på desse erfaringane slik at menneska i framtida kan få innblikk i korleis livet var før.

Mangfald og variasjon: 
Senteret gjer det mogleg å samle forteljingar om eit vidt spekter av tema frå ei breidde av samfunnet. Med oversikt over tidlegare og pågåande innsamlingar, i og utanfor senterets regi, kan vi målrette og styrke mangfaldet og variasjonen blant dei som fortel.  Ulike grupper kan slik inkluderast, basert på til dømes fødestad, psykisk og fysisk funksjon, alder, kjønn, regional tilhøyrsle og seksualitet. Munnleg historie er ein unik måte å samle forteljingar på ved at teknologien kan tilpassast høve til deltaking når det gjeld funksjonsevne, tale- og skriftspråk, og geografisk avstand.

Arkiv: 
Innsamling og arkivering av minnemateriale er eit spesialisert fagfelt som krev ei eiga  teknisk, etisk og metodisk fordjuping. Arkivering av innsamla intervjumateriale er per i dag ikkje tatt vare på ved Noregs sentrale arkiv og bibliotek. Det er ein alvorlig mangel, og skaden veks for kvart år som går. Eit senter for munnleg historie skal samle munnleg og skriftleg kulturhistorisk kjeldemateriale på ein fysisk og digital stad, og gjere det tilgjengeleg for publikum og forskarar. Dette skal bli gjort etter arkivfaglege standardar der føremålet er å ta vare på materialet for all framtid.

Forsking:
Munnleg kjeldemateriale og andre former for kjelder der folk fortel om liva sine, vanar, gjenstandar og arbeidsliv, gir eit variert og godt innblikk både i kva menneska gjer og har. Det gir også eit godt bilete på kva slags perspektiv folk har på handlingar dei gjer og hendingar dei er med på eller blir utsette for. Denne typen kjeldemateriale har betydning for ei rekke fagfelt, og norske forskarmiljø treng ein meir aktiv metodediskusjon på dette området. Dokumentasjon av digitalisert munnleg kjeldemateriale er også ei viktig utfordring. Senteret vil bidra med ei tydeleggjering av munnleg historie som fagfelt og styrka internasjonal kontakt.

Grasrotforsking: 
Munnleg historie er eit felt der frivillig arbeid og bidrag frå ikkje-akademikarar har særs stor verdi, både i innsamling, dokumentasjon, analyse og formidling. Senteret bør ha ei rolle både i opplæring og organisering av frivillige og samarbeid med frivillige organisasjonar.

Kompetanseutvikling:
Det er behov for kurs, opplæring og trening på mange nivå på dette fagfeltet - frå slektsgranskarar og frivillige organisasjonar til høgskule- og universitet. Senteret må utvikle og gjennomføre kurs og trening, både i eigen regi og i samarbeid med andre. Eksempel på tema er etikk, juss, kvalitativ intervjuing, opptaksteknikk, dokumentasjon og katalogisering av munnleg materiale, utvikling av innsamlingsprosjekt, formidling og "vidareforedling" av munnleg råstoff. Det er også behov for å sikre ein fagleg diskurs og utvikling av faglitteratur og lærebøker på norsk innan munnleg historie.

Rådgjeving og praktisk støtte: 
Senteret bør ha ressursar til å gi råd og støtte til bedrifter, organisasjonar og etater som ynskjer å ta vare på kunnskapar, erfaringar og biografiar i eigen organisasjon. Senteret kan gjerne vere samlokalisert med frilansarar og andre profesjonelle aktørar, og det bør kunne formidle profesjonell hjelp. Senteret bør også kunne ta imot munnleg kjeldemateriale som frivillige og private ynskjer å avlevere for arkivering.

Formidling: 
Munnleg historie kan både nyttast til forsking og formidlast på mange andre måtar. Forteljingane kan til dømes nyttast som bakgrunn for teater eller forteljarkunst. Dei kan vidare brukast i skuleverket, eller i museumsformidling. Journalistar og andre kan bruke dei som grunnlag for podcaster. Historiefortelling er ei av menneskeslekta eldste kunstformer. Senteret vil hjelpe og støtte folk som ønsker å dyrke og videreutvikle dette. Kjeldene i arkivet kan også nyttast i næringsverksemd, til dømes i forbindelse med turisme eller spelproduksjon.

Initiativtakarane: 


Aud Mikkelsen Tretvik, Audun Kjus, Bjørn Enes, Line Esborg, Line Førre Grønstad, Marie Nicolaisen 












Underskriftlista: