Innkalling til stiftingsmøte 23/10-2020

Alle som støttar visjonen om eit Senter for munnleg historie i Noreg gjennom å setja sin sinatur under visjonen, blir inviterete til eit stiftingsmøte fredag 23. oktober kl 09 - 11. Møtet vil fysisk foregå på Bergen off. Bibliotek, men det vil også vere mogleg å delta virtuelt gjennom videokonferanse. 

Møtet vil få seg forelagt eit forslag til stiftingsdokument og eit styre. Forslaget til stiftingsdokument vil bli publisert på denne nettsida i god tid, og seinast fredag 2. oktober. Alle som støttar visjonen er velkomne til å sende innspel om organisasjonsform og/eller styremedlemmer til ein av initiativtakarane eller til alle gjennom epostadressa post@munnleghistorie.no

Påmelding skjer gjennom å sette sin signatur under visjoen:

Underskriftsliste:




Comments